
Folk og fe trivst i Perhaugen.
Inn på Tunet; livskvalitet, trivsel og meistring.
Grasfora Vestlandsk Fjordfe.
Kvil og senk pulsen i vår AirBnB.
Livskvalitet, trivsel og meistring; individuelt tilpassa aktivitetar med utgangspunkt i den einskilde sine behov og garden sin årssyklus.
Me har kyr og kalvar av Vestlandsk Fjordfe, hest, høner og kattar. Dyra får stell og omsorg.
I veksthuset dyrkar me blomster, salat, agurk og tomat, og i åkeren har me gønsaker. Me sår, plantar, lukar, vatnar, ser, luktar, kjenner og smaker.
I verkstaden gjer me tre- og maskinoppgåver. Grinder skal reparerast; humlehotell og fuglekasser skal byggast. Maskiner og utstyr skal vedlikehaldast og reparerast.
Strandlinje, naust og båt gir aktivitetar knytt til fjorden; stølar og dyr på beite knyter oss til fjellet.
Her er noko for alle.
Me har jobba med Grøn omsorg og Inn på tunet sidan 1990-talet. Me var med i piloten for utarbeiding av kvalitetssikringssystemet som blir brukt til å godkjenne Inn på tunet tilbydarar, og var av dei første i landet som vart godkjende.
Lær meir om Inn på tunet på innpåtunet.no
Me sel kjøt av Vestlandsk fjordfe.
Dyra er fødde og oppvaksne her hjå oss i Perhaugen på Barsnes. Grasfora, med gode dagar i fjellet.
Me postar på Instagram og Facebook når me har kjøt til sals.
Gi oss ein lyd om du er interessert, så kan me reservere for deg.